Monumentet over Håkon den Gode vart innvigd i juni 1961, og i dag vart det feira.

Mange hadde funne vegen til parken, men rett nok berre ein liten brøkdel av dei som møtte fram då minnesmerket over Håkon Den Gode vart avduka. Ordførar Harald Rydland leia minnemarkeringa, og starta med å ta fram litt av det som hende rundt 961, då kongen fekk banesåret sitt. Nokre av deltakarane i Håkonarspelet dramatiserte ei hending frå den tida, og islending og operasongar Runar Gudmundsson let si mektige røyst lyda i parken og sikkert vidare utover.

Harald Rydland fortalde litt om korleis ideen til monumentet dukka opp på eit Håkonarstemne i 1920, men det skulle gå 30 år før planane førte til handling. Følgjande år vart det samla inn pengar til reising av støtta. Ordføraren nemnde blant anna at Oslo kommune hadde gjeve 20.000 kroner. Alle skjønar at det vart gjort ein kjempejobb av svært mange i Fitjarbygda når avdukinga skulle planleggjast. Nokon seier det møtte fram kanskje 12000 personar på den store festdagen, der kong Olav V og mange andre vyrde folk var til stades saman med bilethoggar Anne Grimdalen.

Henning Wichmann fekk låtten på gli då han las ein prolog som Vikagutane laga for 50 år sidan, og brørne Lars og Jakob Vik oppnådde det same då dei mimra om den store festdagen. Ole Bergesen styrte teknikken slik at dei frammøtte fekk høyra kongen si tale ved avdukinga. Og litt av musikken som vart spela etterpå ljoma utover og gjorde det høgtideleg.

Det var interessant å vere til stades i Håkonarparken i dag, og atter ein gong har fitjarbuen vist kva han er god for. Andre del av arrangementet kjem me attende til seinare.