For 50 år sidan måtte dei avleggja høgtidleg løfte overfor presten. Konfirmantkullet var det siste i Fitjar som laut følgja den gamle konfirmasjonsordninga. Året etter var den valfri.

I alt 61 konfirmantar frå alle krinsane i Fitjar og øyane gjekk sommaren 1961 og las for soknepresten Einar Tuvin. Kvar onsdag. Ungdomane frå øyane vart skyssa med motorbåten Gunvor. 17. september 1961 var konfirmasjonsdagen, og somme av konfirmantane har framleis karakterane dei fekk av presten.

44 var tilstades ved samkomene i helga, som byrja med fest i Peraløo laurdag, heldt fram med gudstenesta der alle konfirmantane vart presenterte og vart avslutta med middag på hotellet.