25 av 36 konfirmantar frå 1957 stilte søndag til 50-års markering i Fitjar kyrkje. Dagen før hadde dei hatt samling i Peraløa, og etter gudstenesta søndag vart det middag på Fitjar fjordhotell.
Ei av konfirmantane, Haldis (Vestbøstad) Abotnes fortel at dei var 14 gutar og 22 jenter som vart konfirmerte i Fitjar 8. desember 1957.
-Me venta heile hausten for å bli konfirmerte, for kyrkja var under restaurering og arbeidet tok mykje lenger tid enn planlagt. Sidegalleria vart tekne vekk og orgelgalleriet vart utvida, dei to Store, svarte omnane i midtgangen vart fjerna, og nye benker med varme i kom på plass. Dessutan vart preikestolen senka, nye lysekroner hengde opp – og heile kyrkja vart så malt innvendig, fortel Haldis som minnest at veggene før dette var gule.
Konfirmasjonsundervisninga gjekk føre seg i gamle tinghuset i ”Stutasalen”, ein dag i veka frå 2. mai til dei fleste begynte i framhaldskulen i slutten av august. Dette året var det siste konfirmantkullet sokneprest Bjørlykke hadde i Fitjar. Han hadde dessutan vore prest så lenge i bygda at han òg hadde døypt dei fleste av konfirmantane. –
Før Bjørlykke slutta, skulle det vere bispevisitas, og utpå vinteren 1958 kom biskop Ragnvald Indrebø til Fitjar. Han skulle blant anna høyre korleis det stod til med kristendomskunnskapen til elevane i skulen. Og då måtte me på golvet igjen, smiler Haldis Abotnes.