-Det er reir i vår kasse, ropa Sander til gruppa si.

Då var dagen komen for feltobservasjon av fuglelivet i Synningjo.

5A og 5B har gjennom året bygt kassar og stigar til fuglestudiet sitt. Ein gong i månaden har turen gått – på sykkel i lang rekkje – til uteplassen deira.

37 elevar på åtte grupper har på skikkeleg speidarvis felt tre og knytt stigane klare no på våren. Difor var spaninga stor denne dagen. Har fugl funne vår kasse.

-Ja, kom det høglydt frå fleire grupper, etter å ha observert fugleskit, kvist, strå, mose og egg. -Oi, der flaug han rett opp!, sa Marius i det han opna lokket.

Ikkje tvil om at uteskule med trafikkøving, naturfag i praksis, bålkos og leik, er ein kjekk vri.