Klasse 5A på Rimbareid er på Noregstoppen etter dei nasjonale prøvene i rekning med 45 prosent av elevane på høgaste meistringsnivå. Dei andre femteklassingane i Fitjar har òg gjort det svært bra på dei nasjonale prøvene.  -Resultata i rekning er svært gledeleg for Fitjar, me ligg langt over mest 20% over snitt i både Hordaland og i heile landet. Resultatet viser at me har svært få elevar som slit med rekning og ein heil del som klarer seg middels og svært bra. Dette gjev grunn til jubel. 

 

Årsaker kan vera; eit godt kull det året (det har me stadfesta) med gode arbeidsvaner og foreldre som føl elevane svært godt opp. Elevane har også hatt tilgong til ekstraoppgåver via nettet (internett) som foreldra har benytta seg av. Undervisninga har vore prega av grundig og tradisjonell klasseromsundervisning med innslag av andre typar. Det høyrer også med til historia at klassane har svært gode klassemiljø der elevane får god nok arbeidsro, fortel Kristin Skare ved Skulekontoret.

Når ein har slått samen resultata frå alle tre prøvane (lesing i norsk og engelsk, samt rekning) så ligg Fitjar som kommune nr 15 i Norge. Me ligg på 35,7% medan dei mykje omtalte Bærumselevane ligg på 38,3. Altså eit svært godt resultat samla sett!! Prøvane deler elevane inn i tre meistringsnivå der 1 er dårlegast og 3 er best. 

Rekning på 5.trinnet 

Kommune Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3
Lands-gj.snitt 26,6 47,2 26,2
Hordaland snitt 25,1 48,7 26,2
Fitjar 17,9 39,3 42,9
Stord 21,4 53,7 24,9
Bømlo 26,5 45,8 27,7
Sveio 35,0 43,3 21,7
Etne 21,9 53,1 25,0
Kvinnherad 23,7 42,6 33,7