13 utøvarar frå Fitjar Karate Senter synte framifrå prestasjonar og sanka med seg 5 Gull, 3 Sølv og 6 Bronsemedaljar frå JKA Cup, som blei arrangert laurdag i Fyllingsdalen i Bergen.
Med 279 startar og 140 deltakarar fordelt på Kata & Kumite, er dette eit av dei største junior-stemna som er blitt arrangert av JKA Norway.
13 utøvarar frå Fitjar var med og konkurrerte i Bergen på laurdag. Dei reiste heim att med tilsammen 14 medaljar! Utanom medaljane var det òg fleire gode plasseringar.
Plasseringar:
Kata=mønster Kumite=kamp
Irene Koløen Gull i kumite – Gull i kata
Einar Helland Bronse i kata – Sølv i kumite
Edith Helland Gull i kumite
Rebecca Koløen Bronse i kata – Bronse i kumite
Thomas Koløen Gull i kata- Bronse i kumite
Jon Inntveit Sølv i kata
Christina Koløen Sølv i kata – Gull i kumite
Chayenne Berntsen Bronse i kata – Bronse i kumite

Foto: Bente R. Koløen