Alle gudmødrene flankert av Roger Granheim, konsernsjef i Torghatten ASA og Torkild Torkildsen, adm.dir i Torghatten Nord. Pressefoto: Torghatten Nord

I dag blei alle ferjene i sambandet Halhjem – Sandvikvåg døypt.

Aldri før har fem ferjer blitt døypt på løpande band, samtidig som de går i normal rute.

– Dette har vært ein stor dag for selskapet, og det har vært ein stor dag for alle som er avhengig av dette sambandet, seier adm. dir. Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.

– Me overtok dette sambandet 1. januar i år, og me er kome for å bli. Det er viktig for oss å bidra til at sambandet fungerer kvar dag, heile året. For samarbeidet i næringslivet i
Hordaland og Rogaland er dette sambandet også ei livsnerve. Det er vår jobb å sikra at forbindelsen heile tida fungerer, seier Torkildsen.

Torkildsen melder at stoltheiten over å driva ferjedrift vises godt på dei tilsette.

– Etter nokon oppstartsproblem, har dei tilsette på ferjene gjort ein formidabel innsats med å sikra kontinuerlig drift. Dei har stått på langt ut over kva me kan forlanga, og det viser at dette er solide sjøfolk, seier Torkildsen.

Stolte gudmødrer

På løpande band sto gudmødrene klare for å døypa båtane. Påtroppande ordførar i
Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg, er svært nøgd med dei nye ferjene.

- Annonse -

– Det er særs viktig at dette sambandet fungerer slik at me kan oppretthalda samfunnsstrukturen i kommunane rundt Bjørnafjorden.

Ferjene MF Flatøy, MF Færøy, MF Huftarøy, MF Samnøy og MF Lysøy er no høgtidelig døypt,
og alle gudmødrene ønska skipa hell og lykke.

– Passasjerane har allereie merket at dei nye ferjene er moderne fartøy. I tråd med
krav stilt i anbudskonkurransen av Statens vegvesen, er ferjene klimavenlege, og drives med ein kombinasjon av gass (LNG) og batteri, asvluttar Torkildsen.