Seniorleiar Geir Tore Søreide fortel at Fitjar likevel skal spela i 5. divisjon i år.

I fjor haust rykte A-laget til Fitjar IL ned til 6. divisjon med minst mogeleg margin. Det var lenge uklart om dei hadde rykt ned eller ikkje, og vonbrotet i fotballgruppa var derfor stort då nedrykket endeleg var eit faktum. Men no er gleda desto større i når det viser seg at det blir 5. divisjon i Fitjar likevel.

Det har seg nemleg slik at eit lag har trekt seg frå 4. divisjon i sesongen 2010. Dette fører til at det blir ledige plassar i fleire divisjonar. Basert på resultat fra 2009 har Fitjar fått tilbod om ein ledig plass i 5 divisjon menn sesongen 2010. Og fotballeiar Sonja Fitjar Waage var ikkje sein om å takka ja til tilbodet.

A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker seier til Fitjarposten at han naturlegvis er glad for meldinga. Han meiner det unge A-laget er meir enn godt nok til å klara seg i årets 5. divisjon. Målet i år må vera å stabilisera laget midt på tabellen. Og på sikt – om ein får behalda dei fleste spelarane – bør det vera råd å kjempa om opprykk til 4. divisjon. Men altså ikkje i år, seier ein oppglødd A-lagstrenar, som er både letta og glad over meldinga frå fotballkretsen i dag.