– Atter ein gong blir det muleg å kjøpe juletre hos Øvrebygda 4H ved Joker Rydland, melder 4H.

Dei vil ha tre for sal frå 15. til 20. desember, og det vil bli selt edelgran og vanlig gran frå to lokale juletredyrkarar på Leirvik.

– Trea vil bli selde til ein god pris og alle som kjem og kjøper er velkomne inn i lavvoen vår på vaflar og kakao, viss me har, opplyser Ingrid Hovstad i Øvrebygda 4H til fitjarposten.no.