Også i år blir det blir juletre å få kjøpt hos Øvrebygda 4H ved Joker Rydland.

Det er Ingrid Hovstad som fortel dette til Fitjarposten. Salet er som vanleg ved Joker-butikken på Rydland, og dei sel både edelgran og vanleg gran.

– Det er òg lov å ta seg ein tur inn i lavoen, kanskje har me vaflar på lur, seier Ingrid.

Salet startar førstkomande laurdag, 14. desember.