God deltaking og godt vêr under sykkelrebusløpet som Øvrebygda 4H arrangerte søndag ettermiddag.

I alt stilte 11 lag til start, med 2 til fem deltakarar. Løypa starta på Tislavoll med spørsmål. Elles var det varierte oppgåver på dei 10 postane på Rydland, Sæterbøvegen, Liarbø, Helland og Hogste. På programmet stod  mjølkespannkasting, hesteskokasting, egg-i-skei-løp og flytting av vatn (slik at mange gjekk rundt med våte sko resten av ettermiddagen!). Løypa blei avslutta med å sykla over ein vippeplanke på skuleplassen ved Øvrebygda skule. Idealtida blei rekna ut frå gjennomsnittet, og blei på 1 time og 18 min.

På resultata kan me lesa fleire gode, gamle namn frå 4H i Øvrebygda:

1.plass: Selma Andresen, Magne Andresen, Lars J. Rydland
2.plass: Katrine F. Aarbø, Gisle Aarbø, Jonas Lønning
3.plass: Lovise Rimmereid, Lars Ove Rimmereid, Håkon Hovstad

Fitjar Bondekvinnelag var på kjøkkenet og steikte vaflar og varma pølser, som dei selde etter løpet. Saman med saft og kaffi å drikka. Dei var med pga. noko som heiter Trivselsbygda, eit landsomfattande prosjekt der 4H, Bygdekvinnelaga og Bygdeungdomslaga skal samarbeida om arrangement for heile bygda.

Dette kan du lesa meir om på heimesida til 4H Hordaland.