4H-leiren i Breim vert avvikla. -Trist, seier Ingrid Hovstad.

-37 deltakarar på 4H-leiren i Gloppen har per 25.07.2009 kl. 08.00 utvikla teikn på influensa og er isolert. Ingen er alvorleg sjuke. Alle unntatt ein reiste til leiren i same buss. Situasjonen er drøfta av 4H, Gloppen kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og nasjonale helsestyresmakter.
 
På grunnlag av drøftingane har 4H funne det rett å gå til ein gradvis avvikling av leiren. Gloppen kommune held fram med å yte helsetenester i samsvar med dei nasjonale retningslinene, skriv 4H Norge på nettsida si.
Ingrid Hovstad frå Fitjar som er på leiren, fortalde at dei som deltakarar ikkje hadde fått endeleg informasjon om dette då me tok kontakt rundt klokka 10.00 i dag.
-Men om det blir slik er det trist. Dette er jo noko me har gledd oss til lenge på førehand, seier Ingrid, som sjølvsagt òg har forståing for at det er vanskeleg å gjera anna ein slik situasjon.
Heile 16 land er representert på leiren som skulle bli  «ei internasjonal og morosam veke».
No blir det nok ikkje heilt slik.
Informasjonsansvarleg for 4H Norge, Beate Patay, opplyser til fitjarposten.no at når dei seier at leiren skal avviklast gradvis er det av praktiske årsaker. Mange har langt å reise, og slikt må det lagast logistikk for. Dei deltakarane som i går var rundt i kommunane, og som ikkje er sjuke, (som Ingrid) kan truleg difor få med seg dei aktivitetane som var planlagt for i dag, seier Patay, som har hatt nokre svært travle timar etter at utbrotet av svineinfluensaen vart kjent seint i går kveld.