Øvrebygda 4H arrangerer distriktsleir på Fitjar i helga. Leiren vart innleia fredag kveld med helsing frå ordføraren og teltbrenning.

Nærare hundre 4H-arar frå heile Sunnhordland er samla til teltliv og fagaktivitetar i området rundt Øvrebygda skule denne helga. Leirsjef Ingrid Hovstad, saman med Daniel Moldskred, opna leiren med å leia deltakarane i 4H-lovnaden: Vi lover å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjarte, flinke Hender og god Helse. Ordførar Harald Rydland stilte i finstasen med det store ordførarkjedet og helsa leirdeltakarane med ord om Håkon den gode og om gode vermeldingar for helga. Denne dagen måtte likevel den folkelege ordføraren sjå seg forbigått i popularitet av tre karar med fyrstikker, hjelm og brannslange. Trond Henriksen, Ronny Korneliussen og Odd Magnar Volden frå Fitjar brannvesen ynskte å lærar dei unge om kor viktig det er å vera forsiktig med eld, og å syna dei kor raskt eit telt tar fyr og brenn opp. På eit lite minutt brann teltet til familien Havn ned, i tillegg til å antenna graset som ein skulle tru var ganske vått etter det siste døgns store nedbørsmengder. For å sikra seg mot seinare oppblussing vart området etterpå dynka med vatn frå brannbilen, og på spørsmål om nokon ville prøva brannslangen var det raskt ein lang kø med ivrige gutar og jenter bak brannmann Korneliussen.Om det var brannmennene eller ungane som koste seg mest er vanskeleg å seia, men at dette var både eit viktig og svært kjekt innslag på leiren er heilt sikkert. I teltleiren til gruppa frå Øvrebygda 4H fortel førsteårs leirdeltakarane Øyvind Rydland og Jonas Moldskred at det ikkje var tungt men veldig kjekt å sprøyta med brannslangen. Dei kosar seg med smågodt i det grøne teltet sitt der dei skal sova heilt åleine, og gler seg til morgondagens fagaktivitetar, for då skal dei vera med på karategruppa. Vert det som vêrmeldinga til ordføraren sa, brukbart vêr utan regn, ligg alt godt til rettes for at den store flokken i teltleiren i Øvrebygda skal få ei flott og tørr helg på Fitjar, om då ikkje nokon kvelvar under kanoturen…

Eigen artikkel om fagaktivitetsdagen kjem seinare. Teltleiren ligg innover dei nyslåtte bakkane sørvest for skulen.