Stolte merkemottakarar.

Øvrebygda 4H hadde tradisjonell haustfest i gymsalen på Øvrebygda skule laurdag ettermiddag.

Laget består av 15 medlemmer som alle har jobba med kvar si oppgåve i løpet av året og som dei lagde utstilling av  i samband med festen. Dei fleste medlemma kjem frå Øvrebygda, men det er ope for alle frå Fitjar, og i år det er nokre med frå Sælevik.

Det var flotte utstillingar med alt frå god mat, søt mat, musikk, foto, snikring, scrapping og friluftsliv. I 4H er det ulike grader: aspirant, junior, senior, og til slutt kan ein oppnå plakett. Det er ulike krav til oppgåvene på dei ulike nivåa, og sjølvsagt er det størst krav til dei eldste som har vore med lengst. Alle fekk oppgåvene sine godkjend, og fylkesrepresentantane Aasmund Bakke Handeland og Kristoffer Øygard var med på festen og delte ut merke til alle oppgåveskrivarane.

Det var ein lang, godt planlagt og flott gjennomført fest. Festen starta med 4H lovnaden, slik alle 4H-samlingane startar: «Me lovar å arbeida mot det mål å bli ein ungdom med klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse» (dei 4 h-ane).

God servering med både lasagne m/salat og eit overveldande kakebord, gav rikeleg mat til alle dei 70 gjestene. Mykje allsong og mange humorstiske innslag prega festen, og alt var planlagt og gjennomført av medlemma i 4H, og leia med stødig hand  av Ingrid Hovstad som er leiar i styret.

Elin Korsvik presenterte årsmeldinga som fortel om eit aktivt lag med mange ulike arrangement: filmkveld, juletresal, gymsalaktivitetar, karneval, grautfest, volleyballspeling, kurs, leirar, oppgåvearbeid m.m.

Under festen kom det ulike helsingar, og pengegåver til laget. Laget fekk helsing frå Bygdekvinnelaget, Bondelaget, Fitjar grunneigarlag og frå kommunen v/Ordførar Harald Rydland.

Fylgjande merke vart delt ut:

Aspirantmerke:
Emilie Helland
Elin Korsvik
Andreas Maraas Moldskred
Silje Rydland
Endre Torkelsen
Vegard Vik

Bronsemerke:
Ruth Fjelltun
Kristina S. Korsvik
Daniel Maraas Moldskred
Liv Janne Svalland
Julie Vik

Sølvmerke:
Kathrine Korsvik
Kristi Rydland
Renate Tverderøy

Fagskjold i bronse:
Ingrid Hovstad

Gullmerke til klubbrådgjevar, for 5 år som klubbrådgjevar:
Ida Marlen Havn

Stolte merkemottakarar.