Øvrebygda 4H slo tysdag til med karneval. Laget kan òg gle seg over aukande medlemstal. – Kjempepositivt etter år med nedgang, seier Ingrid Hovstad.

Ingrid fortel vidare at alle stilte i kjempeflotte kostyme, alt i frå fjernsyn og raudhette til ninjaer. – I tillegg leika me og åt bollar, seier Ingrid Hovstad og legg til at nye medlemer er alltid velkomne.
Sjølvsagt var det òg premie for beste kostyme.
Resultatet vart:
1.premie: Ruth som engel
2.premie: Elin som fiskar
3.premie: Kristina som nonstop og Ingvild som fjernsyn