4 b på Rimbareid skule hadde ein flott fisketur torsdag 13. september. Foreldrekontaktane hadde ansvaret, og hadde førebudd seg godt med å setja ut teiner, ruser og garn, og til stor glede for både elevar, foreldre og lærarar var det både fisk, krabbe og skjell å henta. Etter å ha drege opp fangsten gjekk turen til Ivarsøya der alle fekk sjå nærare på dagens fangst. Mange fekk lært seg å sløya fisk og å sjå forskjell på dei ulike fiskeslaga. Det vart fyrt opp i grua, og servert nykokt krabbe, grilla kamskjell og grilla lange. Takk til alle som stod på for å gje elevane denne flotte opplevinga!