– Tek ein med alle besøkjande under heile Fitjar Festivalen, kjem me opp i 4300 besøkjande, strålar ein kjempenøgd festivalleiar, Roy Tore Torvund.

– Det går bra med det økonomiske òg?

– Ja, det er all grunn til å tru at me kjem i pluss. Det trur eg at eg vågar å seia sjølv om ikkje rekneskapen er oppgjort enno, svarer Torvund og let oss forstå at det etter alle solemerke vert Fitjarfestival neste år òg.

Han understrekar òg at alt har gått knirkefritt og rosar dugnadsgjengen for ein kjempejobb!