Den store utstillinga «Dukar til kvardag og fest» i Fitjar kultur- og idrettsbygg i helga gjorde sterkt inntrykk på Fijarposten sin utsende og truleg også på mange andre skodelystne i dag.

Det er Fitjar Husflidslag og Fitjar Bygdekvinnelag saman med kulturkontoret i Fitjar kommune som står for denne flotte tilskipinga. Heile 400 dukar, løparar og serviettar i ymse fasongar har dei fått fram frå skuffer og skåp rundt om i Fitjar.

Mange av dukane er utstilte tematisk i kultursalen, etter advent, jul og påske. Her er dukar laga i alle slags teknikkar, som det fell for langt å gå inn på her. Men me såg i alle høve mykje hardangersaum, og lurte som alltid på korleis det er mogleg få dette til, bl.a. å klippa alle desse små hola utan å gjera svart skade. Elles såg me svartsaum, plattsaum og stilkesting, og mykje meir.

Me minner om at det ikkje er for seint for publikum å få ta dukane nærmare i augesyn. Utstillinga er open også i morgon, frå klokka 13.00 til klokka 16.00. Ute i foajeen er det råd å få seg kaffi og ein kakebit, noko me såg mange beøkjande hadde glede av i dag.