– Wärtsilä Cup 8.-9. februar har i år heile 40 lag på plass, melder Ole Bergesen til fitjarposten.no.

Turneringa startar i idrettshallen i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag ettermiddag og held fram til langt ut på natta. Så startar han igjen grytidleg laurdag morgon og held på heilt til laurdag kveld. 

– Det vert kiosk og speakarteneste og full rulle. Det er lenge si turneringa var oppe i 40 lag, så dette er maks belastning på cupen innanfor tidsrammene.  

Cupen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar Idrettslag Fotballgruppa og Fitjar kultur- og idrettsbygg. Wärtsilä er i år igjen hovudsponsor og ber namnet til cupen.

12 elitelag, 12 damelag og 16 lag i open klasse er på plass. For publikum er det berre å benke seg på tribunen … topp stemning, musikk, moro og fullt trøkk, smiler Ole Bergesen til slutt.