Mariann Vestbøstad var mellom ni idrettsutøvarar som fekk toppidrettsstipend då Idrettsbyråd i Bergen kommune, Henning Warloe i går delte ut kommunale kroner til talentar og etablerte utøvarar.

Mellom dei andre som fekk same stipend som Mariann, finn me mellom anna Alexander Dale Oen, Kjersti Tysse Plätzer og Erik Tysse.

-Utruleg kjekt, smiler Mariann på telefonen. -Dette betyr mykje. Det er kjempeflott at dei verdset det eg gjer, og når eg får same  summen som Alexander Oen, og dei andre funksjonsfriske utøvarane, opplever eg å vere likestilt, legg ho glad til.

Om det blir hardkøyr på vinter- eller sommaridrett framover, vert på mange måtar avgjort helga 21-22. februar. Då skal Mariann delta i skipigging under NM på ski for funksjonshemma.

-Om resultata der skulle bli vurdert slik at eg kan ha noko å gjere i vinter-OL i denne sporten, vil eg satse på det framover mot 2010, seier ho til slutt, utan at ho dermed har sagt at ho vil leggje symjinga på hylla.