Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Rådmann Olaug Haugen melder om fire nye smittetilfeller i Fitjar i ettermiddag.

– Pr i dag 14.04.21 er det 4 stadfesta smittetilfelle med Covid19 i Fitjar, og 6 personar i karantene. Dette er importsmitte knytt til arbeidarar hos Fitjar Mekaniske Verksted AS. Dei som er smitta og i dei i karantene har ikkje vore i kontakt med lokalsamfunnet, skriv Haugen.

Ho legg til at det er god oppfølging frå bedrifta og smittevernlegen i Fitjar.