4.klassingar er spesielt invitert på Klubben idag, torsdag 23.april. Foto: FP-arkiv/Torbjørn Hovland

Tradisjon tru inviterer Klubben på Fitjar bedehus spesielt dei som går i 4.klasse til Klubben sin siste samling før sommaren.

-Då kan dei få koma og vera med, og sjå alt det kjekke me gjer på Klubben, før dei kan få byrja til hausten når dei går i 5.klasse.

Det er kl 18.45-20.30. Aktivitetar, andakt, song og mat, seier leiarane ved Marte Kvilhaugsvik.

(ANNONSE)