5. juni var 4. klassane på Rimbareid skule invitert av orienterings-gruppa i Fitjar IL til å vera med på 60° nord junior.

Dagen starta med at elevane vart delt inn i fem grupper som fekk tildelt kvar sin leiar frå o-gruppa. Deretter fekk kvar gruppe utdelt ein konvolutt med første oppdrag, der elevane mellom anna fekk ei stjerne-o-løype med fem postar på skulekartet.

På kvar post skulle dei svare på tre spørsmål, der kvar feil medførte eit minutt venting før dei fekk gå vidare til neste post.

I krysset mot Fitjar vassverk fekk dei utdelt oppdrag nummer to. Elevane skulle finna seks postar langs vegen og inn i skogen opp mot vassverket.

I tillegg til postane fekk dei spørsmål om kartsymbol, og det skulle noterast bokstavar som skulle bli eit løysingsord før dei fekk gå vidare på oppdrag tre.

Siste deloppdrag gjekk ut på å finne flest mogleg postar på veg mot Søre Stølen, og å ta med seg ein del blad, blomar og kongler på vegen. Kvar post og gjenstand som mangla gav tilleggsminutt ved målgang.

Ved Søre Stølen var grillane tent, og det smakte godt med nygrilla pølser i behageleg turver. – Det vart òg tid til leik og ein tur til rompetrolldammen,
før diplomar og premiar vart delt ut og fornøgde deltakarar gjekk tilbake til skulen, skriv Rimbareid skule på si heimeside.

60° nord junior er eit arrangement som o-gruppa prøvde på 4. klasse for første gong i fjor. Det er òg eit av DnB Challenge-arrangementa i Orienteringsforbundet si satsing på skulen.