Fredag i 3.-4. time hadde 4. klasse ein kjekk tur til sjukeheimen. Me opptredde for bebuarane på heimen. Elevane hadde førebudd seg lenge til dette og gleda seg veldig til besøket. Bebuarane synest det var veldig kjekt å høyra på elevane frå 4. klasse på Rimbareid skule, då dei las, song og spelte for dei. Nokon viste klappeleikar, 4a spelte blokkfløyte, nokon spelte kornett, mange las dikt og alle var med og song. Det var og nokre allsongar, som både dei yngre og eldre kunne, bl. a. Kom mai du skjønne, milde og Mellom bakkar og berg. Desse to klassane, som no går i 4. klasse, brukar å opptre på sjukeheimen kvart år. Me syns det er så kjekt og har berre bestemt oss for at me vil det. Dei takka oss for at me kom og ville gjerne at me kjem tilbake. Etterpå fekk me frukt og åt nista vår ute i hagen på sjukeheimen.