Laurdag føremiddag var leirdeltakarane klare for fagaktivitetar.

Det var høve til å velje kva ein ville vere med på, og klokka 10.00 køyrde Tom Rydland av stad med kanoar på ein tilhengar. Seinare prøva me å lokalisere gruppa, men dei var ikkje å sjå ved Storavatnet. Men dit ned gjekk ei anna gruppe som skulle fiske med stong og dra garn. Stongfiske gav ikkje noko resultat, men det var nærare 30 aurar i garna som Ole Sandvik hadde sett ut kvelden før. Grilla aure med tilbehør fall i smak.

Kjetil Rydland si gruppe med turinteresserte ungar la i veg frå Dalshaugane og opp mot Sørlio. Denne flokken hadde alt fare sin veg då fitjarposten.no dukka opp.

Ingrid Hovstad, leirsjef og nestleiar i Øvrebygda 4H, hadde ansvar for dei som skulle på gardsbesøk, og naturleg nok fekk desse omvising på garden som foreldra hennar driv. Forutan å sjå og lære om husdyr, rekna Ingrid med at det vart tid til å vere med på hesjing også.

I ballbingen starta Svein Nøttveit med litt opplæring før sjølve volleyball-spelinga tok til. Denne gruppa var lita, men interessa såg ut til å vere i orden.

Innandørs trefte me ein gjeng med fotointeresserte born. Torbjørn Hovland orienterte før gruppa gjekk ut for å fotografere. Seinare fekk alle vise bileta sine med gode kommentarar frå Torbjørn. Fleire økter med kamera ute gav nok gode bilete på ein dag med laglege lystilhøve.

Både jenter og gutar sat rundt fleire bord i gymsalen og lytta og såg då Hilde Volden de Fine forklarte scrapbooking. Ein av gutane som me snakka med skulle lage kortboks. På bordet låg det mykje fint i papir, perler og anna lagleg materiell som ein kunne velje i. Karate og hest var og tilgjengelege grupper, men me råka ikkje borti desse.