Fitjar tapte 1-2 mot Loddefjord, og vona om 3. divisjonsspel neste år er dermed ute. Dei harde fakta var dessverre slik at Fitjar måtte vinne alle sine fire siste kampar for å overleve i 3. divisjon, noko få våga å tru på etter resultatet på dei siste kampane.

Så vart det òg tap, og dermed 4. divisjon neste år, sjølv om det framleis er kampar igjen i årets serie.
Trenar Roald Hansen skryt likevel over laget denne gongen.
– Vi slit med mannskapsmangel, men dei som spelte i dag ned ein kjempeinnsats for laget, og i dag vart det skryt i garderoben, fortel Hansen til Haugesunds Avis.