Han er oppstanden, seier presten, Fríðleif Lydersen. Foto: Kjetil Rydland.

– Han er oppstanden!

– Ja, han er sanneleg oppstanden! fekk presten til svar, frå Fitjar kyrkjelyd, som fylte kyrkja nesten til siste plass under høgtidsgudstenesta første påskedag.

 

Som vanleg når det er påskedag, slutta fitjarbuen slutta godt opp om dagens påskegudsteneste, og fylte kyrkja nesten til siste plass. 

Høgtidsgudstenesta starta med at pensjonert prest Sven Harald Nilsen leidde prosesjonen med to dåpsbarn og familiane deira opp kyrkjegolvet, akkompagnert av orgelmusikk og song frå kyrkjelyden. 


Sven Harald Nilsen les dagens tekst frå Matteusevangeliet. Foto: Kjetil Rydland. 

Og både orgelet, kantor Overweg og songen viste seg frå i aller beste side denne fine påskedagen. Kantor Jan Overweg ser – og høyrest – ut til å trivast svært så godt på orgelkrakken i Fitjar kyrkje. Det nye orgelet er med på å setja ein ekstra spiss på salmesongen i Fitjar-kyrkja. Fitjar kyrkjekor er òg med på å skapa høgtidsstemning.

Fríðleif Lydersen fungerer frå dags dato som sokneprest i Fitjar, i og med at Olav Johannes Oma har teke turen over Morkjo. Lydersen heldt ein inspirert tale, der han framheva første påskedag som den viktigaste dagen i historia til kyrkja. Det er heilt tydeleg at mange i Fitjar er einige med han, for dei sluttar imponerande godt opp om høgtidsgudstenestene. 

.
Det var ikkje nok salmebøker til alle under dagens høgtidsgudsteneste, og då er det godt å kunna finna salmane på nettet. Kanskje ein salmeapp er det neste? Foto: Kjetil Rydland.

 

Dagens kollekt gjekk til NMS sitt misjonsprosjekt i Mali, eit folkerikt land med 90 % muslimar. Helga Rimmereid gav ei levande skildring av ein misjonær sin kvardag blant fulaniane i dette fattige landet i Afrika. Som vanleg fekk me høve til å betala med kontantar eller ulike mobilløysingar. 

 
Etter gudstenesta var det kaffi, saft og kjeks, og folk nytta høvet til å ønskja kvarandre «god påske», før det bar ut i den vakre påskesola, som ingen ende vil ta.   

 


Fitjar kyrkjekor er med og skaper høgtidsstemning i kyrkja. Foto: Kjetil Rydland.