Ti personer drukna i samband med bading i sommar, viser drukningsstatistikken til Redningsselskapet.

Ifølge drukningsstatistikken frå Redningsselskapet omkom 12 personer i drukningsulykker i august, og totalt har 39 personar omkome som følge av drukning i sommar. Det er éin færre enn i både 2018 og 2019.

– Trass i at det blei tidenes båtsommar i år, har det vore ein nedgang i båtrelaterte drukningsulykker, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Mellom juni og august omkom åtte personar i drukningsulykker frå fritidsbåt, mot 16 i same perioden i fjor. Av ulykkene i sommar skjedde halvparten mens båtane låg ved land.

Alle som omkom fra fritidsbåt i sommar, var menn over 40 år. Fire av ulykkene skjedde på sjøen, to i elvar og to i vatn eller innsjøar.

Auke i drukning etter fall frå land

I sommar har 18 personer drukna etter å ha falle i vatn eller sjø frå land, mot seks i same perioden i fjor. To små barn fall i ei elv og i sjøen; begge på Vestlandet. To vaksne menn omkom i samband med fiske i elv, mens tre personar fall i vatnet då dei var på tur. For dei resterande er forløpet ikkje kjent.

Sju av ulykkene skjedde i elvar, åtte i sjøen og fire i vatn eller innsjøar.

– Totalt sett har det vore fleire drukningsdødsfall i elvar og innsjøar enn på sjøen i sommar. Det understrekar kor viktig det er å gjera gode risikovurderingar over alt der vi ferdast i nærleiken av vatn, seier Tanja Krangnes, leiar for fagfeltet drukning hos Redningsselskapet.

Utandørs opplæring i svømming, sjølvberging og livredning er eit viktig drukningsførebyggande tiltak, meiner Redningsselskapet. Her frå Redningsselskapets sommerskole i Oslo.

Barn og unge utsette for badeulykker

Ti personar drukna i samband med bading i sommar. Av desse var sju personar under 25 år, mens éin var i 50-åra og to var i 70-åra. Ni av ti var menn. Av dei ti badeulykkene skjedde fire i vatn eller innsjøar, tre i elvar og tre i sjøen. Alle utanom to bada saman med andre.

– Også i sommar ser vi at barn og unge er mest utsette for å drukna under bading. For at ingen barn skal drukna i Noreg, er det viktig at kommunane og skulane sørgjer for at lærarane har riktig kompetanse og nok tid til å oppfylla dei nye kompetansemåla for svømmeopplæring, seier Krangnes.

I den nye læreplanen for kroppsøving blir det lagt vekt på at barna skal læra å ferdast trygt rundt vatn. Svømming, sjølvberging og livredning skal lærast både innandørs og ute, der dei aller fleste ulykkene skjer.

– Dette er livsviktig og livslang læring som dessutan legg grunnlag for vassglede og gode opplevingar gjennom heile livet, seier Krangnes.

Fleire omkom av drukning enn i vegtrafikken

I sommar har drukning vore ei hyppigare dødsårsak enn trafikkulykker. Mens 27 personer omkom i vegtrafikken, døydde 39 personar av drukning.

Fra 1. januar til 31. august har 69 personer omkome både i vegtrafikken og i drukningsulykker.

For drukningsstatistikk per fylke og andre detaljar, sjå vedlagde rapport for august eller rs.no/drukning.