Folk kom og gjekk heile tida, men rundt 350 fekk med seg mer eller mindre av Wild West Party-et i Idrettshallen i går kveld. Eller kanskje me skulle seie: i natt. Arrangementet varte i alle fall til  kl 02.00.

Menyen varierte frå «rufsete» country til bygderock. I alle høve karakteriserte frontfigur for første band ut, Øyvind Halleraker, musikken deira som rufsete country. Les: folk-rock eller country rock, for det var vel eigentleg det «Trekantsambandet» spelte. Vaksne karar som kunne sine ting, og det let då òg svært bra. Det einaste me sakna var noko meir variasjon i låtval og arrangement.  Men publikum koste seg.

Meir liv i salen vart det likevel når Fitjar sine eigne «The Revivals» stilte opp. Her var det «Creedence» for alle pengane med festivalleiar Sigurd Andrè Maraas i spissen. Både han òg bandet kom svært godt ifrå det. Det svinga – og stemninga i salen steig.

Endå eit hakk heva stemninga seg då Åsmund Åmli og bandet hans kom på scena. Det var tydeleg at publikum hadde venta på hovudattraksjonen, og bandet fekk svært god kontakt med salen. Fleire enn før fann òg vegen til dansegolvet medan dei spelte.

Mange hadde òg følgt oppfordringa om å kle seg ut som cowboy-ar, og så langt me kunne registrere sette folk skikkeleg  pris på det som vart servert.

Ingressbilete: «Cowboyane» Inge Andreas Waage og Arve Kleppe. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

esteroides españa