Fitjar Formannskap vedtok onsdag ettermiddag å rå kommunestyret til å teikna seg for inntil 3,5 millionar i aksjar ved retta emisjon i Fitjar kultur- og Idrettsbygg. Om det blir slik kan FKIB betala ned tilsvarande i gjeld.

Formannskapet vonar òg at dei andre store aksjonærane vil bidra med tilsvarande aksjeteikning.

Vedtaket byggjer på verbal føring til Fitjar kommune sitt budsjett for 2011 der det vart gjort eit slikt vedtak (Sak PS 64/10):

«Inntekter frå vindkraft (eingongskompensasjon og eigedomsskatt) skal setjast av på eit bunde fond for bruk til: Skuleutbygging i Rimbareidkrinsen, Nedbetaling av FKIB si gjeld.

Då vedtaket vart gjort låg det ikkje føre noko endeleg vedtak om utbygging av vindkraft, men dette er no på plass , og kommunen har fått utbetalt den avtalte eingongskompensasjonen.