Johannes Sandvik Bø i einsam majestet på 6006 meter i Haugesund. Foto: Roar Pedersen.

Johannes Sandvik Bø (14) og Marius Pedersen (13) stadfesta sine posisjonar som høvesvis landets og Vestlandets sterkaste mellomdistanseløparar i sine årsklasser sist helg i Haugesund.

Under Rogaland friidrett si kretslagssamling i Deep Ocean arena på Skeisvang stilte våre to lettbeinte karar opp mot dei beste ifrå fylket i sør. Begge våre råkøyrte feltet i stykke frå start på 600 meter og vann komfortabelt. Johannes fekk tida 1.36,21, og Marius kom inn på 1.41,93.

Tidene er høvesvis eitt og tre sekund bak dei personlege rekordane til dei spreke fitjargutane. Dette må forklarast mest ut frå at dei ikkje hadde nokon reell konkurranse, meiner friidrettstrenar Bård Inge Bø.

Trenaren er ikkje redd for at den vanskelege stuasjonen for idretten, og landet elles, vil gå spesielt ut over elevane hans.

– Dei er ganske så sjølvgåande – eller sjølvspringande – både Johannes, Marius og Halvor (Aga), så det trur eg skal gå bra, seier Bård Inge Bø.