Folketalet i Fitjar auka med 17 i andre kvartal, viser tala frå Statistisk Sentralbyrå.

 

Ved inngangen av kvartalet var det 3103 personar registrert i kommunen, medan det ved utgangen var 3120.

Gledeleg er det at fødselsoverskotet nesten er like stort som tilflyttinga. Det blei født ni personar, medan det døydde ein, slik at overskotet her blir åtte. Det flytta 29 personar til Fitjar, medan det flytta ut 20. Det gir ei netto tilflytting på ni. Til saman blir det altså ein auke på 17.