Starten går for Fredagstrimmen.

Andre runde i Fredagstrimmen blei gjennomført i Fitjar Idrettspark i går kveld i mykje betre vêr enn under første runde, og med fleire deltakarar.

Andre utgåve av Fredagstrimmen gav også ny løyperekord. To blad Bø sette fart frå start, og i mål var Johannes nokre sekund før far, Bård Inge Bø.

Friidrettsgruppa seier seg godt fornøgd med oppmøtet, og mektig imponert over innsatsen til den yngste som deltok.

Både under påmeldinga til løpet og i etterkant av løpet ble friidretts-VM frå Doha vist på TV i klubbhuset. For dei mest ivrige friidrettsinteresserte blei det oppsummering av trimmen i klubbhuset med å sjå forsøksheata til Ingebrigtsen-brørne og Warholm i VM.

Fredagstrimmens neste løp har start kl.18.30 den 25. oktober. Friidrettsgruppa håper at endå fleire tar utfordringa neste gong.

Fitjar Idrettspark med løypekart for Fredagstrimmen.

Starten går på tribunesida i idrettsparken, og etter 280 meter på banen tar løypa seg opp mot parkeringsplassen for Bakken barnehage og opp mot innløpet til Rossneset.

På toppen av bakken går løypa videre nedover og deretter opp igjen til idrettsbanen, og løpet blir avslutta inne på banen der starten gikk.

Resultat frå Fredagstrimmen 27. september:

Namn Tid
Bård Inge Bø 4.08
Marius Pedersen 4.34
Mathea Skålevik 7.41
Stein Helge Simonsen 7.42
Tone Simonsen 7.01
Torstein Simonsen 7.08
Silje Torbjørnsen 5.37
Tori Torbjørnsen 6.06
Marius Torbjørnsen 4.35
Dan Torbjørnsen 5.08
Solfrid Sandvik Bø 5.25
Johannes Sandvik Bø 4.05
- Annonse -