Vår fremste Idrettsutøvar Mariann Vestbøstad Marthinsen vart kalla fram på podiet for å motta 30 000 kroner frå Midtfjellet Vindkraft i samband med konserten i FKIB i går kveld.

Mariann er under oppkøyring til Vinter-OL/Paralympics  i Sotsji i Russland neste år, og har allereie fått 120 000 kroner frå Olympiatoppen.

-Midtfjellet vil no spe på med 30 000 ekstra, og me utfordrar andre i næringslivet i Fitjar til å leggje på meir, slik at Mariann kan få best mogeleg førebuing til denne meisterskapen, sa dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Johannes Koløen, i samband med utdelinga.

Mariann  vann World Cup langrenn samanlagt i 2012 og vart nr. to i 2011 og 2013. Under VM i 2013 tok ho to sølvmedaljar, og i VM 2011 tok ho to bronsemedaljar.

Ho har såleis svært gode sjansar til å ta medalje i Sotsji.