Tysdag 7. mai avslutta Fitjar folkebibliotek rekka med forfattarbesøk til skuleelevar i Fitjar for dette skuleåret.

Då var 10.klassingane på vitjing i biblioteket og møtte forfattar Kristine Tofte frå Stord. Ho har skrive «Song frå Eirabu», ei soge i to bind der ho har dikta eit eige univers med utspring i norrøne mytar. Elevane fekk smakebitar frå historia om Berghitte og Ragna, dei to systrene som kjem på kvar si side av ein konflikt som kan føre til verdas ende.

29. april var det alle 6. og 7.klassane som fekk besøk av Oslo-forfattar Mari Moen Holsve. Ho skriv og fantasy-bøker. Av Mari fekk elevane ei innføring i fantasy-sjangeren, og tips til korleis ein kan byggje opp ei forteljing. I tillegg til forfattar er Holsve oversetjar for «Donald Duck» og gav oss også eit innblikk i korleis dette arbeidet føregår. Mange elevar vart inspirert til å lese Mari Moen Holsve sin trilogi «Halvgudene», så fleire har vore innom biblioteket etterpå.

Det var 4.klasse som starta med forfattartreff då dei møtte Arild Rossebø 12. april. Arild Rossebø er skatar og har skrive boka «David skatar». 4.klassingane fekk innføring i korleis skating oppstod, opplesing frå boka til Arild og endåtil innføring i skatetriks. Den dagen var det «full rulle» på biblioteket med skatande forfattar og elevar, og som ein elev kommenterte: «Er dette lov på biblioteket, då?» Takk til den Kulturelle skulesekken som lar oss får invitere spanande forfattarar til Fitjar-skulane. Elevane har fått eit møte dei hugsar, og forhåpentlegvis inspirasjon til å lese.