Ingve Andrè Strand endte på 3. plass under 3. runde i NM i crosscart i Bø i dag, vert det meldt på Strand Motorsport si facebookside. Anders Strand kom ikkje til finalen denne gongen. Selfie: På veg mot Bø. F.v. Sigurd Andre Maraas og Ingve Andrè Strand. 

Ingve starta med siger i første heat, 4. plass i 2. heat, 3. plass i 3. heat før han køyrde inn til pallplass i finalen.

– Spennande, skriv Sigurd Maraas på facebook.

Anders vart nr 5 i første heat, nr 4 i andre og nr 6 i tredje. Det heldt diverre ikkje til finaleplass denne gongen.