Ingolv Rimmereid song seg til 3.plass under Landskappleiken i Seljord som vert avslutta i dag.

Det er ikkje første gongen Ingolv Rimmereid gjer det skarpt mellom dei beste kvedarane i landet. I 2004 i Eidfjord gjekk han heilt til topps i sin klasse, og på Voss i 2002 vart det 2. plass.

– Denne gongen måtte eg jobba med meg sjølv for å klare å stille opp i det eg var nokså tett i halsen på grunn av astma, seier Ingolv til fitjarposten.no.

Men han stilte opp og enda med ein svært heiderleg 3. plass i sin klasse i vokalmusikk.

– Det var sjølvsagt kjekt, og så var det svært mykje flott kultur å oppleve samstundes, smiler den dyktige 85-åringen, til slutt.

Det var i år første gong at Landskappleiken vart lagt til Seljord. I alt var 1280 påmelde til konkurransane.