Rådmann Olaug Haugen melder i dag om tre nye smittetilfelle i Fitjar.
Fitjar kommune meldte for ei veke sidan at ein person knytta til Fitjar Mekaniske Verksted hadde testa positivt for Covid-19. Som ein følgje vart 15 personar sett i karantene.
No har tre av desse testa positivt.
– Fitjar kommune har i dag 10.februar fått påvist 3 nye personar med koronasmitte. Dette er tidlegare kjende nærkontakter, der 12 framleis er i karantene med negativ test. Dette er importsmitte, og er knytt til Fitjar Mekaniske Verksted. Det er ikkje påvist kontakt i lokalsamfunnet i Fitjar, skriv rådmann Olaug Haugen.