Torsdag kveld blei gymsalen på Rimbareid skule fylt til siste stol då 3. klasse arrangerte basar til inntekt for Redd Barna.

Basaren til inntekt for Redd Barna blei ein suksess på alle måtar. Frammøtet var over all forventning; det var ikkje ein einaste ledig stol å oppdriva. Familiemedlemmer og kjensfolk i alle aldrar møtte mannjamt opp.

Under stødig leiing av lærarane Kari Fjugstad Giske, Mona Traa og Tora Gerhardsen underheldt 3.-klassingane det talrike publikumet. Song, diktlesing og opplesing frå Menneskerettsfråsegna stod på programmet.

Etter underhaldniga blei det opna kafé der barn og vaksne selde kaffi, kaker og annan mat som dei hadde med seg. Og arrangementet blei avslutta med loddsal og loddtrekning. Hovudgevinstane var to fruktkorger gitt av KIWI og SPAR. I tillegg hadde foreldra med seg ein god del mindre gevinstar. Og det mangla ikkje på viljen til å kjøpa lodd.

Heile 19 loddbøker hadde dei teke med seg, fortel lærar Mona Traa. Og det var ikkje eitt lodd for mykje; alt blei selt ut. Mona Traa fortel at dei sit att med rundt 12 000 kroner etter at alle utgifter er trekte frå. Dette går til Redd Barna. Eit flott resultat av ein flott innsats av 3.-klassingane.