Toarlaget til Fitjar IL spelar i bedriftsserien, og midtsommars ligg laget på toppen av tabellen.

Fitjarposten.no forvilla seg inn på ein lite annonsert kamp på kunstgraset her om dagen, og fekk sjå 2arlaget til Fitjar IL spela mot Laksen frå Brandasund. Dei gamle stjernene på 2arlaget hadde slett ikkje hadde gløymt gamle kunster. Dei hadde god kontroll på dei noko yngre oppdrettarane frå Brandasund, og dei gav seg ikkje før det stod heile 11-3 til heimelaget.