Marius Pedersen vinn 80 meter i Karabinlekene. Foto: Privat.

Under Karabinlekene på Fana Stadion i helga stilte ein sprek trio frå Fitjar til start, Tori Torbjørnsen, Marius Torbjørnsen og Marius Pedersen.

Tiåringen Tori Torbjørnsen støytte kule og sprang 60 meter, og gjorde ein finfin figur.

Marius Torbjørnsen (16) viste igjen stabilitet, og kom seg denne gongen over 1,68, som er to cm bak persen. Dette heldt til ein 2.-plass, og må seiast å vera svært godkjent så tidleg i sesongen.

Trenar, far og støtteapparat Dan Torbjørnsen fortel at tilløpet ikkje stemte heilt denne gongen. Med litt justeringar vil nok «kenguruen» frå Vestbøstad spretta endå høgare, kanskje allereie på Mai-lekene i Haugesund til helga.

Marius Pedersen på toppen av sigerspallen på Fana Stadion. Foto: Privat.

Marius Pedersen (12) sette flott ny pers i lengde i svak motvind med 4,76 m. På 80 meter sprinta han inn til tida 11,41. Dette gav to 1.-plassar; på 600 meter og på 200 meter vart det 2.-plassar med høvesvis 1.45,24 og 28,98.

Begge gongene blei han så vidt slegen. Peter Bjørndal frå Gneist snudde om på rekkjefølgja frå 80 meter med ein margin på ein tidel i sin favør på 200 meter. Og erkerival Amund Berge-Soldal frå Uskedalen kasta seg over målstreken 25 hundredelar føre Marius på 600 meter.

Marius Torbjørnsen ut av siste sving på 600 meter. Foto: Privat.

 

- Annonse -