I går kom det to jenter på besøk. Dei var ute i eit viktig ærend. I ein pose låg det 270 kr som dei ville gi til Redd Barna. Pengane er alt sende. Emilie Helland og Edith Helland  fortel at dei stod ved vegen i Rabbakleivo og selde kaffi, sjokoladekake og fruktdrikk. Flott innsats av desse to, og pengar til Redd Barna har dei samla inn tidlegare og!