karate

Karatefolket er like travelt opptekne som alltid, og både Sukhwinder Koløen, Trond Strand, Nils Arve Helland og Vegard Vik har vore i Bergen på samlingar i vinter.

Denne helga, 8.–9. mars, deltok Sukhwinder Koløen og Nils Arve Helland på svart belte-samling i Bergen. Denne samlinga er for alle med svart belte i JKA Norway.

Instruktør for denne samlingen var vår egien sjefsinstruktør i JKA Norway, Sensei Geir Arild Larsen 7. Dan JKA, fortel Sukhwinder. Samlinga blei avvikla i Bjørgvin Karateklubb sin Dojo

Vegard Vik, Nils Arve Helland og Trond Strand på instruktørkurs i Bergen. i februar.

For ein månad sidan, 8. og 9. februar, deltok Vegard Vik, Nils Arve Helland og Trond Strand på instruktørkurs i Bergen. JKA Norway bruker samme utdanningssystem som dei gjer i Japan.

Vegard Vik, Nils Arve Helland og Trond Strand i godt selskap på instruktørkurs i Bergen. i februar.

Bestått instruktørlisens blir òg godkjent som trenarlisens i Norges Idrettsforbund. Lisensen er gyldig i tre år, og etter det må ein på nytt instruktørkurs. Alle dei tre har lokale karetutøvarane har bestått instruktørlisensen.

16. mars er det NM i Bergen, og Fitjar deltar med tre utøvarar og éin dommar, fortel den travle karatetrenaren Sukhwinder Koløen til slutt.

Staute gutar i Bergen denne helga, Sukhwinder Koløen t.v. og Nils Arve Helland.
- Annonse -