Ungdommen har overteke dameklassen, men SÅ kjekt er det for Aina Kristin Vestbøstad og Anne Helene Helene Vestbøstad å avgjera bronsefinalen For Rødhette og Ulvane i sluttsekunda under fjoråretscup. Foto: Kjetil Rydland.

Alt er klart for den 20. innandørscupen i Fitjar Idrettshall. 25 lag, 67 kampar og 250 spelarar. No manglar berre publikum, melder Ole Bergesen.

– Det er stor stas å arrangera den 20. innandørscupen i idrettshallen. Cupen er eit samarbeid mellom Fitjar Idrettslag, fotballgruppa og Fitjar Kultur og Idrettsbygg. I år har cupen ny hovedsponsor, der av det nye namnet: Haugaland Kraft Cup, fortel Bergesen.

Årets turnering startar opp fredag 7. feb kl.17:00 og held det gåande til 01:30, før det er på an igjen frå kl. 08:30. Cupen runder av med finalane rundt 16:30 laurdag ettermiddag.

– Som vanleg blir det full trøkk i hallen med speaker, musikk, kiosksal og resultatservice i foajeen. 250 fotballspelarar vil setja sitt preg på bygda denne dagen, og det er gratis for alle som ynskjer å ta del i fotballopplevinga frå tribunen, seier Bergesen.

Han oppmodar alle til å ta ein tur innom hallen til helga og få med seg denne moroa.