Rundt 25 000 kroner kom inn på den tradisjonsrike Framnesbasaren til inntekt for Framnes kristne vidaregåande skule i Fitjar bedehus i går kveld.

Rundt 70 store og små var til stades og fekk med seg flott og forståeleg andakt, deilig påsmurt og hyggeleg åresal. Det var òg song ved elevar frå Framnes kristne vidaregåande skule.