Illustrasjonsfoto: NMS.

Førstkomande søndag blir det områdestemne og årsmøte i Skånevik for Sunnhordland område av Det Norske Misjonsselskap, skriv Gunnvald Bjotveit i ei pressemelding.

Sundag 26. august samlast vi til misjonsgudsteneste i Skånevik kyrkje, middag på Skånevik Fjordhotell, årsmøte og misjonsfest på Skånevik bedehus. Talar vert tidlegare sokneprest Jens Olav Mæland. Han er kjend som ein dyktig forkynnar og god formidlar.

Mortveit yngre kvinneforening med gode hjelparar står for det praktiske og innbyr til misjonsfest på Skånevik bedehus. På festen syng KM-karane frå Etne.

Eit årsmøte skal gje tilbakeblikk frå året som gjekk og arbeidet som er gjort, og henta fram nye visjonar til tider som kjem. Saman med gode misjonsvener i hyggeleg lag, skal det gje kunnskap, utfordringar og nytt mot i arbeidet vidare. Misjon er hovudoppgåva til den kristne kyrkja. Mon tru om ikkje det er endå meir tydeleg og nødvendig i dag? Saman har vi fått ei stor oppgåve og eit krevjande oppdrag.

Vi helsar vel møtt til ein rik misjonsdag i Skånevik!

Sunnhordland område av Det Norske Misjonsselskap
Gunnvald Bjotveit

- Annonse -