Rundt 220 fekk med seg temakvelden med Rune Larsen i Fitjar kyrkje i kveld. Ei triveleg og velsigna stund.

I programmet «Frå rockens konge til Kongenes Konge» er det plass for både 60-talls-musikk og kristne songskattar. Slik vart det i kyrkja i kveld òg.

I tillegg snakkar Rune Larsen eit språk folk forstår, både når han formidler kvardagslege så vel som kristne sanningar. I kveld var han òg personleg og fortalde både om sin veg til kristen tru – og om sitt nei til alkohol.

Me hadde ikkje høve til å vere til stades på heile denne samlinga, men me har høyrt mykje av det same programmet tidlegare. Og tilbakemeldingane me har fått frå temakvelden i kveld er udelt positive.