Det var nærmare fullt hus i et nyoppussa bedehus da 30-årsjubileet for det nye huset blei markert med fest i går.

Jubileet blei markert både i kyrkja og i bedehuset. Ole Abel Svee,n som talte på innviingsfesten for Fitjar bedehus i 1982, talte denne gongen begge plassar. Mange syntest òg det var svært hyggjeleg å treffe igjen presteparet frå den gongen, Agnes og Tore Tangen. Tangen kom òg med ei helsing under festen. Det gjorde òg ordførar Wenche Tislevoll og noverande sokneprest Olav Oma.

Ei gruppe søndagskuleborn stod for engasjerande og frisk song, og det var vidare songinnslag frå Praise Him, Fitjarbrørne og Fitjar Musikkforeining.

Trygve Eiken hadde eit spennande powerpoint-tilbakeblikk frå planane om nytt bedehus vart diskutert i 1960 til det nye huset stod ferdig i 1982.

Leiar i bedehusstyret nytta høvet til å heidra representantar for dugnadsgjengen som har gjort eit formidabelt arbeid i samband med utbygginga. Det heile vart leia av Rasmus Fitjar på ein svært god måte.

Og sjølvsagt var det òg mat. Både middag, kaker og kaffi til alle.