Heimkomen frå sol og badeliv på Sørlandet var me spente på badetemperaturen på Fitjar. Den store forskjellen var det ikkje.

21 grader målte me i Grimstad på tysdag. Då me sette foten uti vatnet i Breiavikjo, kjente me at noko særleg kaldare var det ikkje her. Og ganske rett: 20 grader synte badetermometeret.

Dei første me møtte var Lukas (4) og Nathaniel (2) Rosnes. Dei koste seg i vatnet i lag med mormor Bente, mamma Helene Larsen og tante Hanna Larsen.

– Kjekt, sa Hanne Rimmereid som låg og plaska i baderingen sin, medan storesøster Lovise var på veg uti.

Om det var deilig å bade i Breiavikjo, kunne mamma Marie Hovstad fortelje at det gjekk godt an å bade i sjøen òg no.

Det kan me stadfesta, sjølv om det truleg er noko kaldare i saltvatmet.

Me har fått rapportar om 18-19 grader i sjøen, men nedforbi Vestbøstad 3-feltet der me putta termometeret i sjøen rundt kl. 12.00 i dag, var det 17 grader. No i kveld er det nok noko varmare. 

Uansett: Ingen grunn til å ikkje lauga seg ute. Varmen ser ut til å halda seg.