Leiar i Stord Fitjar Demensforening, Kjell Nesbø, har sendt oss referat frå foreininga sitt 20-års jubileum. Referatet kan du lese nedanfor.

 20 års jubileum for Stord/Fitjar demensforening 17.11.2013

Nasjonalforeningen for folkehelsen vart skipa i 1910 for å bekjempa turberkulosen i landet. Opp gjennom åra har Nasjonalforeningen endra fokus frå tuberkulose til folkehelse, og har dei seinare åra hatt to hovudsatsingsområde – hjerte- og karsjukdomar og demens.

Sentralstyret vedtok i 1993 at Nasjonalforeningen skulle ha eigne lag for pårørande til aldersdemente, seinare demensforeiningar. I 1995 vart det oppretta ein kontakttelefon for pårørande til aldersdemente – demenslinjen. Den første pårørandeforeininga for aldersdemente vart skipa i Oslo i 1988.

I byrjinga av november 1993 samla nokre framsynte personar frå Stord og Fitjar seg for å planlegga etablering av pårørandeforeining for aldersdemente for kommunane Stord og Fitjar. Skipingsmøtet vart halde på Grand Hotel onsdag 17.11.1993. Det var forelesing av spesialsjukepleiar Astrid Ellingsen og styrar Geir Viksund frå Olaviken Behandlingssenter.

I foreininga skulle det vera med både pårørande til aldersdemente og helsepersonell. Foreininga sitt føremål er å vera ein sentral støttespelar for pårørande og den demente. Hovudoppgåva til foreininga er å gje informasjon gjennom samtalar/samtalegrupper, utveksling av erfaring, foredrag, litteratur og ulike kurs.
Eit av tiltaka til foreininga er å påverka politikarane i dei to kommunane i ulike retningar for å betra dei pårørande og demente sin situasjon.

Namnet til foreininga vart: Pårørande foreining for aldersdemente i Stord og Fitjar. Namnet er seinare endra til Nasjonalforeiningen Stord Fitjar Demensforening.

På skipingsmøtet vart det valt slik styre:
Dagfinn Fylkesnes (formann/pårørande), Marianne Eskeland (nestformann/fag), Nina E. Dahl (sekretær/pårørande), Kristoffer Eggøy (kasserar/pårørande) og styremedlemane: Liv Myhre (fag), Birgit Stenersen (fag) og Kåre Angeltveit (pårørande). Valkomite: Leiv Stokken (Stord sjukeheim), Gjertrud Andersen (Fitjar sjukeheim) og Karoline Dahle.
Marianne Eskeland var styrar ved Knutsaåsen aldersheim.
På skipingsmøtet melde 20 personar seg inn i foreininga.
Opp gjennom åra har foreining skipa mange temamøter med informasjon om demenssjukdomen. Gjennom pressa har foreininga teke opp tema om den skjulte sjukdomen, openheit om demens og fordommane knytt til demenssjukdomen. Det er også arrangert pårørande skular/kurs med mange ulike tema. I dag er det over 70.000 demente i Noreg.
Stord Fitjar Demensforeining er ein aktiv foreining med kring 80 medlemar. Aktivitetar dei siste åra har vore Kafetreff for personar med hukommelsesvanskar, sommarfest for demente og deira pårørande, temamøte, pårørandekurs, samtalegrupper mv.

Nasjonalforeningen for folkehelsen var t tildelt NRK sin innsamlingsaksjon for 2013. Det kom inn om lag 224 mill kr. Dei innsamla midlane må brukast opp innan ein 5 års periode, og pengane skal gå til informasjon, aktivitetsvenn og forsking.
Nasjonalforeningen for folkehelsen har starta opp eit prosjekt med likemenn. Gjennom likemannsprosjektet kan ein koma i kontakt med nokon som har erfaring med å vera pårørande til ein person med demens. Alle likemennene har erfaringar med å vera pårørande til ein person med demens. Dei har gjennomgått likemannsopplæring og skreve under ei taushetserklæring. Ein likemann er ikkje ein fagperson, og kan ikkje erstatta helsepersonell. Frå Hordaland er Liv Astrid Fylkesnes og Randi Mikkelson Miracco peika ut som likemenn. Begge er tilknytt Stord Fitjar Demensforening.
Styret i Stord Fitjar demensforening har i jubileumsåret slik samansetting:
Kjell Nesbø (leiar/pårørande), Inger Junge (sekretær/pårørande), Signe Paulsen Tyse (nestleiar og kasserar/fag), styremedlemar: Anna Karin Hatlevik (fag), Else Tollaksvik (fag) og Håkon Frode Særstein (pårørande). Varamedlemmar: Liv Astrid Fylkesnes (fag) og Randi Mikkelson Miracco (pårørande).

Kjell Nesbø kom med i Stord Fitjar Demensforening sitt styre i 1997, og har vore styreleiar i 12 år. Inger Junge har vore med i styret frå 1997. Kjell Nesbø er i tillegg styreleiar for Nasjonalforeningen sitt fylkeslag for Hordaland, og medlem i Nasjonalforeningen sitt Landsstyre. Liv Astrid Fylkesnes har vore leiar i Stord Fitjar demensforening i 4 år.

Styret i jubileumsåret vil nytta høve til å takka alle som har vore med i styret opp gjennom åra, og ei stor takk til alle, både einskild personar, foreiningar, bankar og verksemder som har støtta foreininga økonomisk.

 

Stord Fitjar Demensforening
Kjell Nesbø, leiar.